Home > Terms > Norwegian Nynorsk (NN) > undernæring

undernæring

Undernæring eller underernæring er ein tilstand som kjem av for lita tilførsle av energi og/eller næringsstoff over lengre tid.Den alvorlegaste forma for undernæring skuldast svolt, som kjem av for lite mat, og mangel på både energi og fleire næringsstoff, t.d. protein og vitamin, som er essensielle for at born skal kunne veksa, og for å halde helsa hjå vaksne ved like. Alvorleg skort på både energi og protein gjev sjukdommen marasme, som gjev ekstrem avmagring. Små born som treng protein i høve kroppsvekta og mengd mat dei kan eta, kan bli råka av kwashiorkor, ein sjukdom som kjem av alvorleg proteinmangel trass i nok energitilførsle.

Undernæring kan òg koma av manko på eitt eller fleire andre næringsstoff, som vitamin og mineralstoff, sjølv om tilførsla på energi er tilstrekkeleg. Dersom undernæringa kjem av mangel på eitt spesielt stoff kan det opptre typiske sjukdomsbilete, som avitaminosar eller jarnmangelanemi, men til vanleg opptrer det fleire symptom på same tid, og pasienten er vanlegvis mager og har symptom frå hud og slimhinner.

0
Collect to Blossary

Member comments

You have to log in to post to discussions.

Terms in the News

Featured Terms

maritmoesirnes
  • 0

    Terms

  • 0

    Blossaries

  • 7

    Followers

Industry/Domain: Events Category: Disasters

Tjernobyl

Eit uhell som hende i ein tjernobylplantasje i 1986, kor ein av fira kjernereaktorar i plantasjen eksploderte. Dette gjorde til at minimum 5% av ...

Featured blossaries

Dump truck

Category: Engineering   1 13 Terms

Top Universities in Pakistan

Category: Education   2 32 Terms

Browers Terms By Category